Testa positivt: Ein elev på Lunde barneskule har fått påvist covid-19.

Elev på Lunde barneskule har fått påvist covid-19

27 elevar er sett i karantene.

Torsdag orienterte kommunalsjef for helse og velferd, Monica Totland Melvold, formannskapet om status kring covid-19. Ho innleia med å snakka om eit veldig høgt smittenivå i veke 33 og 34.

— Dette er høgare enn det vi har hatt tidlegare. Vi er på risiko nivå fire av fem nivå. Dette blir stadfesta av talet positive testar som er på over fem prosent, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho la til at det er om lag 80 personar som har fått påvist covid-19 dei siste tre vekene. Åtte denne veka.

Os ungdomsskule hadde eitt smittetilfelle førre fredag. Om lag 60 elevar blei sett i karantene som følgje av det.

To elevar på Søfteland skule blei stadfesta råka av viruset onsdag. Her vart 27 elevar sette i karantene.

— Vi har også fått melding i dag om at ein elev på sjette trinn på Lunde skule har testa positivt, fortalde Totland Melvold i formannskapet torsdag.

27 elevar er rekna som nærkontaktar og sette i karantene. Dei vil bli testa så snart som mogleg.

Smittetilfellet har ikkje samanheng med smittetilfella ved Søfteland skule.

— Dei som er nærkontaktar ved Lunde barneskule, har fått beskjed. Alle andre skal vera på skulen som vanleg, opplyser kommunen.

Helsepersonell vil ta kontakt med føresette til nærkontaktane for meir informasjon og rettleiing i løpet av torsdagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Karantenen gjeld berre nærkontaktar og ikkje deira husstandsmedlemer. Unnataket er om eleven utviklar symptom. Då skal òg resten av husstanden vera i karantene til testsvar er klart, skriv kommunen på sine heimesider.