Tredjeklassingane på Os vgs, Julie Katinka L. Havsgård og Martha Grindstein Hægland, er strålande nøgde med årets innsamlingsaksjon til Hjelp Moldova.
Tredjeklassingane på Os vgs, Julie Katinka L. Havsgård og Martha Grindstein Hægland, er strålande nøgde med årets innsamlingsaksjon til Hjelp Moldova.

- Elevanes innsats har vore heilt formidabel

Os vidaregåande skule samla inn 200.336 kroner til Hjelp Moldova i 2016. Det er over 50.000 kroner meir enn i 2015, og ny rekord.

- Det er heilt utruleg å ha runda 200.000 kroner. Elevanes innsats har vore heilt formidabel. Ein innsats som mest sannsynleg vil endra mange menneskes liv i det fattige landet Moldova. Som elev på Os vgs, er eg personleg stolt av å få lov til å bidra, seier Julie Katinka L. Havsgård til Hjelp Moldova.

Fantastisk innsats

Martha Grindstein Hægland er til lik med skuleveninna Julie, heilt overgjeven av resultatet. Det å knusa rekorden frå 2015, var over all forventing.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er fantastisk at elevane på skulen har gjort ein så god innsats for å hjelpa innbyggjarane i Moldova og støtta Hjelp Moldova. Dei set utruleg stor pris på det, og det fekk vi tydeleg sjå då vi var på tur. Solidaritetsaksjonen meiner eg er ein av dei viktigaste tiltaka som bli sett i gang i løpet av eit skuleår, seier ho til Hjelp Moldova.

Dobbelt så mykje som i 2012

Elevinspektør på Os vgs, Harald Natvik, fortel at oversikta frå 2016 viser at dei hadde nesten 200 bøsseberarar og om lag 200 dagsarbeidarar.

- Elevane har utført alt ein kan tenkja seg av arbeid. Dei har jobba heime og fått betalt av foreldre eller slektningar, og dei har jobba på verksemder kor dei gjerne har ei deltidsstilling ved sida av studiane. Det som imponerte oss i år, var at mange ikkje berre betalte inn eit minstebeløp på 400 kroner, men faktisk overførte heile summen for dagsarbeidet, i staden for å gje gav den resterande summen til elevane. Det viser at elevar og arbeidsgjevar forstår hensikten bak soldiaritetsaksjonen og meininga av eit dagsarbeid, seier Natvik.

I 2009 samla elevane inn 94.000 kroner. I 2012 var summen 100.000 kroner. Fire år seinare har dei altså klart å dobla beløpet.