Ikkje på skulen: Eleven har ikkje vore på skulen, men har hatt nærkontakt på fritida med elevar frå fleire skular i kommunen.

Elevar ved fleire skular i karantene: - Den smitta 8. klassingen testa negativt tre gonger

– Dette er ei tydeleg påminning om at ein skal vera svært observant på eventuelle symptom, sjølv om karantenetida er over, seier kommuneoverlegen.

Ein elev på 8. trinn ved Os ungdomsskule har testa positivt for covid-19 etter fullført karantene.

Eleven har ikkje vore på skulen, men har hatt nærkontakt på fritida med elevar frå fleire skular i kommunen. Dette betyr at enkeltelevar ved fleire skular må gå i karantene, men ikkje heile klassar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei elevane som er rekna som nærkontaktar, har fått beskjed, er i karantene og vil bli testa, opplyser kommunen.

Alle andre skal vera på skulen som vanleg. Husstandsmedlemer til nærkontaktar må vera i ventekarantene til eleven har testa negativt på første test.

– Den smitta 8. klassingen testa negativt tre gonger, seinast på dag 7 av karantenen. Eleven har altså fullført karantenen i samsvar med Folkehelseinstituttet sine føringar om at negativ test på dag 7 gjer at ein kan avslutta karantenen, og naturleg nok trudd at alt var i orden. Det er svært sjeldan at nokon plutseleg testar positivt etter så mange negative testar over lengre tid, seier Melf.

– Dette er ei tydeleg påminning om at ein skal vere svært observant på eventuelle symptom, sjølv om karantenetida er over, legg kommuneoverlegen til.