Hanne Catrine og Linda Andersen har god grunn til  feira med nissen. ER-AN Veikro går så det susar både sommar- og vinter-tid. No ser kro-jentene seg nøydde til å utvida.
Hanne Catrine og Linda Andersen har god grunn til feira med nissen. ER-AN Veikro går så det susar både sommar- og vinter-tid. No ser kro-jentene seg nøydde til å utvida.

ER-AN Veikro går så det grin: Er nøydd å byggja ut

To og eit halvt år etter nyopninga er Linda Andersen klar på at ER-AN Veikro nok ein gong må byggjast ut - truleg i stor skala.

- Det har gått over all forventning sidan me nyopna ved påsketider 2013. Slik det er i dag har me ikkje plass til å ta unna alle gjestene som vil innom, seier dagleg leiar Linda Andersen.

Tidlegare var vegkroa på Røykenes ein plass e stoppa på i sommarsesongen. Slik er det ikkje i dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me er for lengst blitt ei heilårsbedrift. Og no om dagen vil folk ha julemat. Dei vil ha det i helgane, og dei vil ha det i vekedagane. Det er full trøkk her frå morgon til kveld, smiler Andersen.

I november hadde vegkroa ein omsetnadsauke på heile 40 prosent.

- Det er rekord. Så stor oppgang har me aldri hatt tidlegare, seier ho.

Helge Grønhaug er av og til innom ER-AN Veikro for å eta. Dei to komande laurdagane kjem han for å spela til julebordet i lag med resten av gjengen i De Musikalske Dvergene. (Privat foto)
Helge Grønhaug er av og til innom ER-AN Veikro for å eta. Dei to komande laurdagane kjem han for å spela til julebordet i lag med resten av gjengen i De Musikalske Dvergene. (Privat foto)
De Musikalske Dvergene har halde det gåande i over 30 år og har gjeve ut ei rekkje plater. Den siste (Gode Busser) i år og vart produsert av osingen, Ole Reinert Berg-Olsen. (Privat foto)
De Musikalske Dvergene har halde det gåande i over 30 år og har gjeve ut ei rekkje plater. Den siste (Gode Busser) i år og vart produsert av osingen, Ole Reinert Berg-Olsen. (Privat foto)

Vil ha større arrangement

Men det er ikkje berre med tanke på resteurantdrifta og matserveringa at vegkroa ved bygrensa no ser behovet for å utvida. Den noko avgrensa plassen set også ein stoppar for kva type arrangement dei ambisiøse eigarane kan husa.

- Eg er glad i folk og liv, og ønskjer å tilby god musikk og underhaldning for eit stort publikum. Men slik det er i dag må me dessverre seia nei til enkelte ting. Rett og slett fordi me ikkje har plass, seier Andersen.

Ho synest det er litt ironisk at ho snakkar om liten plass alt to og eit halvt år etter siste utviding.

- Den gongen åtvara folk oss mot å byggja for stort. Dei meinte me tok ein heftig risk, humrar Andersen.

Ho røper at dei har vore i kontakt med arkitekt for å få teikna nokre skisseforslag til utvidinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Nett kor stort me ønskjer å ha det, vil eg ikkje gå inn på. Men me snakkar om ei markant utviding, røper Andersen.

Musikalsk julebord

Tradisjonen tru inviterer ER-AN Veikro til julebord med musikalsk underhaldning også i år. Denne gongen har Linda & co hyra bergensarar til oppdraget.

- Me er kjempestolte over å få De Musikalske Dvergene på besøk. Dei skal spela no laurdag og neste. For oss er det ein ære å få eit så flott band til å underhalda under julebuffet-arrangementa våre, seier Andersen.

Erke-bergensarane i DMD er ikkje kjente for å spela på julebord, men gjer tydelegvis eit unntak for kroa ved bygrensa.

- Helge Grønhaug & co er faktisk ofte innom og eter her. Til liks med meg har dei ein forkjærleik for amerikansk stil, ler Andersen.

Både no og neste laurdag spelar bandet to fulle sett. Per dags dato er det lite billettar igjen.

- Dei har gått som varmt kveitebrød. No laurdag er det vel utseld. Til neste helg har me nokre få billettar igjen, men det er ikkje så mange.

Det er rekord. Så stor oppgang har me aldri hatt tidlegare.