Foredraget som professor emeritus Jan Raa heldt på Senioruniversitetet i Os måndag, gav dei 135 frammøtte mykje nytt å tenkja på.
Foredraget som professor emeritus Jan Raa heldt på Senioruniversitetet i Os måndag, gav dei 135 frammøtte mykje nytt å tenkja på.

- Er det sunt vit, galskap eller mirakelmedisin?

Er bruk av menneskeleg avføring som medisin galskap, sunt vit eller mirakelmedisin? Professor Jan Raa gav svaret i senioruniversitetet.

Iblant kan det vera litt overveldande å få servert ei mengd av vitskapleg informasjon på kort tid. Foredraget som professor emeritus Jan Raa heldt på Senioruniversitetet i Os måndag, gav dei 135 frammøtte mykje nytt å tenkja på. Og det var nok fleire som ved slutten av kåseriet lurte på kva mikrobar som held hus i eins eigne tarmar.

"Et spill av tilfeldigheter" hadde Raa som ei overskrift toø forskingsresultata han har kome fram til frå han kom som tilsett til Universitetet i Tromsø og skipa eit nytt fagområde: Utnytting av marine ressursar. Ei forsking ut frå eit mål om at resultata skulle vera til gagn for folk og land og til nytte for nordnorsk næringsliv.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utnytta fiskeslo

Starten vart utnytting av fiskeslo. Og det i så stor grad at fiskarane nordpå undra seg: Kva ska' måsen no leva av?

Men ved hjelp av ensileringsteknologi vart utnytting av fiskeslo snart ein stor industri med verdiskaping på to milliardar kvart år. Av sloen vart laga ein slags "fiskesaus" som m.a. vert nytta som smakstilsetting i fiskefór.

Forskinga hadde òg sett lys på korleis fisketarmane fungerer. Dette førte til fokus på marine enzym. Og enzymteknologi vart så nytta m.a. for å få rognkorn hos fisken til å renna ut for å laga kaviar. Produksjonen vart svært lønnsam og førte og til at forskaren reiste verda rundt for å setja i gong tilsvarande prosessar m.a. for å produsera russisk kaviar.

Noregs dyraste eksportprodukt

Vatnet frå tining av reker, vart eit anna produkt med stort potensiale. Enzym frå dette vatnet er no m.a. nytta i fastsetting av DNA! Eksport av reketinevatn frå rekefabrikken i Troms kalla Raa for Noregs dyraste eksportprodukt!

Det kom tydeleg fram at mange utradisjonelle måtar var blitt nytta for å koma fram til gode forskingsresultat. Kåsøren hadde ein medviten filosofi om ikkje å la seg kua av "den vitskaplege sanninga", om å stola på eigen intuisjon, vera fleksibel og open for tilfeldige hendingar og overlata motførestellingar til andre. Og ikkje minst, å sjå til naturen for å finne løysingar.

Kamp mot kreft

Raa viste til forskinga rundt moderne immunterapi og snakka særleg om betaglucanar som vert sett inn i kampen mot kreft, og som vert nytta mot sår hos diabetikarar og mot sår som ikkje gror, der pasienten er i eit stadium før amputasjon. Men han fortalde òg at desse medisinane framleis er i ei utprøvingsfase.

Raudåte - eit dyreplankton vi knapt har høyrt om - omtalte Raa som ein enorm ressurs som det finst mengder av i havet. Raudåte vert fanga langs kysten i Nord-Norge og pumpa opp for å bli omgjort til olje og pulver. Studiar av bukfeitt hos laks, har ført til oppdaginga av olja frå raudåte som ei marin olje mot fedme og diabetes. Og pulver frå raudåte smakar som hummar.

Mirakelkur

Etter pausen vart forsamlinga presenterte for den mest motbydelege mirakelkuren - bruk av menneskeleg avføring som medisin! Fersk avføring - frå ein sunn tarm - vert rørt ut i mjølk eller vatn og filtrert. Produktet vert så tilført kroppen gjennom slange. For dei som heller vil svelgja kapslar med tørka avføring, er dette òg mogeleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Er dette galskap eller sunt vit eller mirakelmedisin, spurte Raa.

Og han svara sjølv: Det er alt dette!

Bruk av menneskeavføring er kjent frå kinesisk folkemedisin frå 300-talet, og beduinar spis kamelskit som medisin. Ei tysk apotekbok frå 1734 fortel og om slik bruk.

Tarmen vår er kroppen sitt største organ. Han "eig" 70% av immuncellene i kroppen og har 10-100 gonger fleire bakteriar enn det er kroppsceller.

Raa var skuffa over at tema om kva tarmbakteriane har å seia, manglar i både medisinske og ernæringsfysiologiske lærebøker. Han viste til at tarmen er som ein urskog som ikkje kan erstattast om han vert rasert. Det som skjer i tarmen er eit kompleks av ernæring, infeksjonsforsvar og det han kalla immunologisk "priming". Og tap av tarmfunksjonar eller ubalanse i desse, kan føra til fedme, ulike infeksjonar, mentale forstyrringar og immunologiske feilreaksjonar.

Forsøk på mus har avdekka at tarmbakteriane styrer vektauke. Og det har synt seg at mykje når det gjeld nevrologiske forstyrringar, startar i magen, ikkje i hjernen.

God avling

Alle som arbeider med jord, veit at for å få god avling, må jorda vera rik på mikrobar - vera godt gjødsla. Slik er det og med tarmen, hevda Raa.

Tarmen må ha den rette balansen. Dersom mikrobesamansetjinga i tarmen vert forstyrra, oppstår det sjukdom. Vestleg kosthald, antibiotika, antiseptika og ulike miljøgifter kan medverka til at tarmen vert forstyrra og ulike sjukomar slår ut i kroppen. Allereie midt på 1700talet hevda psykologar at psykiske problem kunne ha si rot i tarmane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forsamlinga fekk vel ikkje heilt konkrete råd om korleis vi kan styrkja bakteriefloraen i tarmsystemet utover at vi fekk vita at grisungar må sleppast ut i rik åkerjord, dersom dei ikkje trivst. Og at kyllingegg bør takast med til ein gamaldags hønsegard og leggjast i hønseavføring for å få tilstrekkeleg med mikrobar med seg når dei vert klekte.

Jo, eitt råd blei gitt - ei bøn om "Gje oss i dag vår daglege mikrobe". Om naudsynt som kunstig erstatning. Om dette er ved å ta til oss avføring, vart ikkje sagt. Men biletet av eit barn som åt jord, blei ståande som ei mogeleg oppmoding.

Lill-Karin Wallem

Os senioruniversitet