Køyrd til sjukehus: Tre bilar var involverte i ulukke ved Plantasjen torsdag. Ei kvinne blei køyrd til sjukehus etter ulukka.

Erkjenner straffskuld etter kollisjon

Tre bilar var involverte i ulukka. To av dei skal ha stått i ro.

Det var klokka kvart over fire torsdag ettermiddag et ei trafikkulukke oppstod ved avkøyrselen til Plantasjen. Det melder politioverbetjent Anne Lyssand ved Bjørnafjorden politistasjon.

Fire personar var involverte i ulukka. Dei sat i tre bilar.

Artikkelen held fram under annonsen.

— To bilar stod stille, den tredje køyrde på bakfrå. Ingen personar blei fastklemte, og det blei utløyst airbag i éin bil. Ein person blei køyrd til Haukeland Univsersitetssjukehus med klage på smerter i rygg og nakke, opplyser Lyssand.

Ho legg til at det ikkje er mistanke om promille.

— Føraren i den bakarste bilen erkjente straffeskuld. Det var ein mann i 20-åra.

Ei kvinne i 60-åra blei køyrd til Haukeland.