Gledesspreiar: Erlingen er ein kjend og kjær gledesspreiar i Os-bygda, og gjekk i mange år med posten mellom Rådhuset, sjukeheimen og Luranetunet.

Erlingen fyller 70: Vert heidra med eigen skulptur

Os kulturutvikling ønskjer å hylla Erling Mortensen.

23. juni fyller Erling Mortensen, eller «Erlingen», 70 år.

Erlingen er ein kjend og kjær gledesspreiar i Os-bygda, og gjekk i mange år med posten mellom Rådhuset, sjukeheimen og Luranetunet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alle som har køyrd eller gått forbi Erlingen har fått ei helsing og eit smil med på vegen vidare.

Os & Fusaposten fekk vera med Erlingen på ein av hans siste dagar som postmann:

No ønskjer Os kulturutvikling å hylla 70-årsjubilanten med ein skulptur i bronse.

Skulpturen er påbegynt av Arne Mæland, og skal avdukast på Osøyro 22. juni, opplyser Os kulturutvikling.

– Me håpar at fleire vil vera med og hylla denne flotte mannen og gruppa han tilhøyrer. Os kulturutvikling inviterer alle vener og kjente til å gi ei gåve på Vipps til OK Galleri – #97973. Merk gåva med «Erlingen», skriv dei på heimesida si.

Pengane som vert samla inn går i sin heilskap til skulpturprosjektet.

– Om det vert samla inn meir pengar enn skulptur og arrangementet kostar, vil desse gå til Torsdagsgruppas arbeid.