Båtmotor: Talet meldingar om tjuveri av båtmotorar har auka den siste tida.

Etter at det har vore roleg ei stund, har politiet fått inn fleire meldingar om tjuveri av båtmotor

Politioverbetjent Atle Birkeland bed folk vera vakne og sikra eigedelane sine.

Det blei i november 2019 melde om at påhengstjuvar var på ferde det som då var Hordaland fylke. Arne Voll, som er kommunikasjonssjef i Gjensidige, meinte at det er organiserte bandar som står bak. På tre veker blei nærmare 20 påhengsmotorar til ein verdi av fleire millionar kroner meldt stolne. Totalt var det snakk om kring 30 tjuveri av påhengsmotorar hausten i fjor.

No fortel politioverbetjent Birkeland ved Bjørnafjorden lensmannskontor at det etter ein god periode, har kome fleire meldingar den siste tida.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det verka stoppa opp ei stund. Den siste tida har det blitt melde om tjuveri av båtmotorar frå området kring Bjørnafjorden kommune. Førebels har ikkje vi fått inn meldingar her, men vi vil oppmoda folk til å følgja med, og passa på båtane sine, seier Birkeland.