Tre generasjonar samla for å innta sitt første måltid hos Isushi i Os. - Me har gledd oss veldig til å eta her, seier Camilla Vik og mammaen Lisbeth Haugland. Vesle Thalia måtte nok seia seg nøgd med sin medbragte mjølkeskvett.

Etterlengta Isushi-opning i dag

Nær eitt år etter at dei melde sin ankomst opna Isushi restauranten i Bjørnegården onsdag.

Osingane har venta lenge på den nye restauranten i dei gamle lokala til Nordea, og forventningane til sushi-restauranten har rukke å veksa seg store.

- Me har registrert at det er mange som gler seg og som ser fram til å koma her å eta. Dei skal ikkje bli skuffa, seier Hanne Sædal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho er ein av fire servitørar, og einaste osing blant dei totalt ni tilsette som skal jobba i restauranten i Os.

Første skikkelege restauranten

Gründer og Isushi-eigar Roger Johannessen presiserer at restauranten i Os er bedriftas flaggskip.

- Me har fem andre avdelingar i Bergen, men samtlege av dei er meir for take-away-avdelingar å rekna. Dette er vår første skikkelege restaurant. Me går all-in i Os, smiler Johannessen.

Cecilie Nordang er restaurantsjef i Isushi-en i Bjørnegården.
Cecilie Nordang er restaurantsjef i Isushi-en i Bjørnegården.
Roger Johannessen var sjølv travelt oppteken med å skru på dei siste skilta før opninga onsdag.
Roger Johannessen var sjølv travelt oppteken med å skru på dei siste skilta før opninga onsdag.
Hanne Sædal slutta i jobben sin i Bergen for å flytta heim att til Os og jobba for Isushi. - Eg har veldig trua på dette konseptet. Difor heiv eg meg rundt og søkte på jobb her så fort eg fekk vita om at  Isushi skulle til Os, seier 26-åringen.

Slutt på sushi på Osøyro. Vincent Blanco (t.v.) er sjefskokk i Isushi.
Slutt på sushi på Osøyro. Vincent Blanco (t.v.) er sjefskokk i Isushi.

Restaurantsjef i Os vert Oslo-jenta Cecilie Nordhagen. Ho har vore barsjef og servitørsjef i Oslo i fleire år, før ho møtte ein bergensar og flytta over fjellet for litt sidan.

- Eg har berre vore tilsett i Isushi i litt over ein månad, men eg gler me veldig til å koma i gang. Eg meiner me har eit veldig breitt og godt tilbod til osingane, til hyggjelege prisar - og kokkane våre er utruleg flinke, seier Nordangen.

50/50-meny

Sjefskokk i Isushi, Vincent Blanco, vil vera mykje i restauranten i Os i månadene framover. Utanom er det tilsett tre kokkar for denne avdelinga.

- Eg er kokke-sjef for alle avdelingane, men det er klart: Eg vil vera ekstra mykje i Os no i starten for å sjå til at alt går som det skal, seier filippinaren som har 13 års erfaring som sushi-kokk.

Han trur osingane vil finna noko for ein kvar smak på menyen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me har prøvd å miksa japansk-inspirert mat og norsk mat 50/50, fortel Blanco.

Loungeavdelinga snart ferdig

Den nye restauranten har plass til godt med gjester på dei i overkant av 300 kvadratmetrane. I tillegg til den reine restaurant-delen kjem også ei eiga lounge-avdeling mot Brugata.

- Denne er ikkje ferdig enno, men eg reknar med at me får opna ho når me får alkoholservering om eit par vekers tid.

- Korleis vert det i loungeavdelinga?

- Der vert det bogesofaar, shuffelboard og eit par storskjermar for sport og fotballkampar. Målet vår er at restauranten her i Os vert ein samlingsplass for svoltne og tørste, pratesjuke og folk som generelt sett ønskjer litt stoveforandring, smiler Johannessen.

Han nyttar høvet til å skryta av alle osingane som har vore positive til han og Isushi etter at dei melde sin ankomst.

- Det har vore heilt vilt. Den videoen de i «Os og Fusaposten» la ut på måndag har jo gått sin sigersgang på nettet. Folk er svært positive. Eg berre håpar dei også er flinke til å bruka oss, seier han.

Ein annan ting han er positivt overraska over er all hjelpa dei har fått.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det må eg berre få seia. I går drog ein Elkjøp-tilsett her i Os heilt til Askøy for å henta nokre feste for å kopla opp høgtalar-anlegget, og Henning i Lilleballong stilte på dagen og trylla fram desse flotte ballongane. Osingane verker å vera eit svært service-innstilt folk, smiler Johannessen.