Denne sykkelen, som blei stelt frå Holmefjord, blei funnen att i Samnanger.
Denne sykkelen, som blei stelt frå Holmefjord, blei funnen att i Samnanger.

Fann att stolen sykkel

Sykkelen som blei stolen frå eit reiskapshus i Holmefjord er komen heim att. Det var Terje Rosvoll, eigaren av sykkelen, som fann han att etter å ha følgt opp eit tips.

Sist veke blei det oppdaga at ein knallraud 1.000 kubikk Yamaha YZF R1 2004-modell var borte frå eit reiskapshus på Holmefjord. Rosvoll var usikker på kva tid sykkelen blei stolen, då han ikkje hadde sett til han på nokre veker. Innlegget til Rosvolls sambuar, og Os & Fusapostens innlegg om saka, blei delt og engasjementet var stort for å finna att sykkelen.

- Det er den beste nyhenda på lenge, seier Rosvoll og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg fann han sjølv. Eg vil takka alle som har vore med og bidrege til at sykkelen blei funnen. Det har vore eit ekstremt engasjement, seier Rosvoll.

Fann to syklar

Sykkelen blei funnen i Samnanger.

- Eg fekk eit tips om kvar han var, og reiste til Samnanger. Eg såg sykkelen og kontakta politiet, fortel Rosvoll.

- Verdien av sykkelen i kroner og øre er ikkje så stor, men for meg er verdien stor, seier eigar Terje Rosvoll.
- Verdien av sykkelen i kroner og øre er ikkje så stor, men for meg er verdien stor, seier eigar Terje Rosvoll.

Då politiet kom til staden, viste det seg at det ikkje berre var Rosvolls sykkel som var der.

- Sykkelen til ein kamerat av meg stod der også. Etter at eg hadde meldt frå om at min sykkel var borte, oppdaga kompisen min at også hans sykkel var sakna, seier Rosvoll.

Søkjer etter kjeltringane

Politioverbetjent i Kvam og Samnanger politidistrikt, Andor Helgheim, stadfestar at patruljen fann dei to syklane på ei adresse i Samananger. Det skal ikkje ha blitt funne anna tjuvgods på adressa. Helgheim fortel at dei jobbar med å få kontakt med dei som er registrerte på bustaden.

- Er det nærliggjande å tru at dei som bur i huset står bak tjuveria?

- Det veit vi ikkje før vi har snakka med dei. Så langt har vi ikkje lukkast i å koma i kontakt med dei som bur der. Vi jobbar med saka, og er interesserte i tips om nokon sit på opplysningar som kan vera av interesse for politiet, seier Helgheim.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Stor verdi for meg

Rosvoll er glad for å ha fått sykkelen attende. Sykkelen, som er ein uregistrert banesykkel, meiner Rosvoll er verdt kring 40.000 kroner.

- Ein slepp betala eingongsavgift på syklar som ikkje er skilt på. Hadde eg hatt skilt på han, ville sykkelen ha vore dyr. Verdien er ikkje all verden i kroner og øre, men verdia for meg er stor, seier Rosvoll.

- Er sykkelen attende i reiskapshuset?

- Nei. Sykkelen er ikkje der. Han er på ein sikker stad, utan at eg vil utdjupa meir enn det, seier Rosvoll og smiler.

- Eg satsar på at noko slikt aldri skjer igjen.