Cannabis: Politiet i Fusa kom over ein cannabisplantasje i Fusa då dei ransaka eit hus.

Fann cannabisplantasje i Fusa

To menn i 30-åra er sikta for den ulovlege gartnarverksemda etter at politiet ransaka huset tysdag 12. november.

Det var etter ein av dei to karane vart arrestert i Bergen sentrum, at politiet ransaka huset i Fusa og fann plantasjen. Mannen hadde hasj på seg då han vart arrestert, noko som gav ordensmakta grunn til å ransaka heimen hans.

— Me kan ikkje seia noko om omfang og størrelse då me framleis driv etterforsking, men vert ein arrestert med stoff på seg, gjev det automatisk grunn til å ransaka heimen, fortel vakthavande politipatrulje ved Fusa lensmannskontor.