Sju eingongsgrillar, som er brukt etter at det blei innført forbod mot open eld, blei funnen i Ervikane i dag tidleg.
Sju eingongsgrillar, som er brukt etter at det blei innført forbod mot open eld, blei funnen i Ervikane i dag tidleg.

Fann sju brukte eingongsgrillar i Ervikane

Det er ikkje alle som klarer å retta seg etter forbodet mot open eld.

Onsdag morgon blei sju brukte eingongsgrillar levert til brannsjef Stein Gjøsund. Alle kom frå Ervikane.

– Det var ein av avdelingsleiaren på Vartun som kom her med dei etter at dei hadde vore og rydda, fortel Stein Gjøsund.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det tørre, varme vêret medfører uttørking av vegetasjonen. Dermed aukar brannfaren. Fredag blei det innført forbod mot open eld i Fusa, og søndag gjorde Os det same.

– Ervikane er det einaste friluftsromåde kor det er funne brukte eingongsgrillar sidan forbodet mot open eld blei innført sist helg, fortel Gjøsund og legg til:

– Vi set i verk tiltak. Brannvesenet kjem til å reisa rundt og kontrollera.

La ut tekst på polsk

På Facebook har brannvesenet lagt ut eit bilete av ein eingongsgrill med eit stort raudt kryss over. Teksten som ligg ved biletet er på polsk.

– Teksten blei lagt ut av eit brannvesen austpå. Vi har lagt ut teksten på polsk, fordi vi veit at det er mange polakkar i Os. Søndag trefte eg eit polsk par i Steinneset-fjøra som grilla med eingongsgrill. Eg sa at det var forbod, og dei sløkte grillen med ein gong og fortalde at dei ikkje var klare over det. Dette er ikkje for å diskriminera. Det kan henda at vi også omset teksten til tysk og engelsk, men vi veit at det er fleire polakkar enn tyskarar og engelskmenn i Os, seier Gjøsund.