Evy-Irene Søfteland i Hjelp til og Hjelpe Os og Fusa, får dela ut gåver frå Ensomt Juletre.
Evy-Irene Søfteland i Hjelp til og Hjelpe Os og Fusa, får dela ut gåver frå Ensomt Juletre.

Får dela ut haugevis av gåver: – Vi blei tomme for ord

Gåvene som kjem inn under treet på Quality Hotel Edvard Grieg, går i år til Hjelp til og Hjelpe Os og Fusa, som igjen skal dela ut til osingar og fusingar.

– Vi er så utruleg takksame for at vi er dei heldige som skal få dela ut desse julegåvene i år. Vi blei tomme for ord då vi fekk beskjeden. Tusen takk til Quality Hotel Edvard Grieg, skriv Hjelp til og Hjelpe Os og Fusa på Facebook.

Os & Fusaposten har ikkje lukkast å få tak i damene i organisasjonen fredag føremiddag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette skriv Nordic Choice Hotels om kvifor den lokale organisasjonen blei valt ut:

– I år går det til «Hjelp til å hjelpe Os/omegn». Dei trefte oss rett i hjarta med all den frivillige innsatsen dei gjer for barn, familiar og elles menneske som er i ein vanskeleg livssituasjon.

Slik kan ein bidra

Usikker på kva Ensomt Juletre søkjer gåver er for noko? Dette skriv Nordic Choice Hotels om prosjektet.

– Jula er ei tid for tradisjonar. Me baker peparkaker, pyntar juletre, drikk julebrus, høyrer på julemusikk og er meir saman med kvarandre enn elles. Men, julegleda er ikkje ein sjølvfølgje for alle. Nettopp difor er vår juletradisjon, Ensom tjuletre søkjer gåver, ekstra viktig. Vi ønskjer alle velkomne til å leggja gåver under juletrea i hotellobbyane våre. For kvar gåve ein gjev, vil Nordic Choice Hotels gje 10 kroner vidare til vårt UNICEF-prosjekt, Sweet Dreams, som kjempar mot menneskehandel.

Det er enkelt å bidra. Det er berre til å kjøpa ei gåve og pakka inn. Legg ved informasjon som seier noko om kven gåva passar til. Til dømes: God jul til deg som er 3–5 år gamal og liker å leika utandørs. Skriv så kven det er frå. Julegåva kan så leggjast under treet på eit av hotella til kjeda.