Bråk: Politiet fekk melding om støy frå tre ulike adresser laurdag kveld og natt til søndag.

Far kom til staden og festen vart avslutta

Slik gjekk det med festen på Nore Neset laurdag kveld.

Laurdag kveld i halv elleve-tida vart politiet kontakta i samband med feststøy frå ein bustad i Nore Neset-området.

Ein patrulje kom til staden og fekk kontroll ved at nokre ungdomar som ikkje var ynskte, vart sende heim.

Artikkelen held fram under annonsen.

Far kom til staden og festen vart avslutta.

Esso-stasjonen og Hegglandsdalen

Vel ein time seinare gav politiet eit muntleg pålegg på grunn av høg musikk frå ein fritidsbåt som låg til kai ved Esso-stasjonen på Osøyro.

Eigaren, ein mann i 20-åra, tok pålegget til seg og slo av musikken.

Då politiet klokka 1.35 natt til søndag, fekk melding om feststøy fra ein bustad i Hegglandsdalen, hadde dei ikkje kapasitet og rykte difor ikkje ut.