Betal som normalt: – Vi vil gi meir informasjon så snart som mogleg. Inntil vidare: Betal faktura som normalt.

Får mange spørsmål - slik svarer kommunen om SFO- og barnehagebetaling

Bergen kommune har vedteke at foreldre slepp å betala for SFO og barnehage i stengingsperioden. No går Bjørnafjorden ut med informasjon.

Bjørnafjorden kommune meiner at folk ikkje skal måtta betala for ei teneste dei ikkje får, og forventar at staten sikrar dette, skriv kommunen og held fram:

– Vi vil gi meir informasjon så snart som mogleg. Inntil vidare: Betal faktura som normalt. Eventuelle fråtrekk for stengde dagar vil koma seinare.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunen uttrykkjer samstundes forståing for at mange har spørsmål knytt til foreldrebetaling av barnehage og SFO i samband med stenging på grunn av koronaviruset.

– Avgjerda om å stengja barnehagar og skular er tatt av nasjonale myndigheiter, og Bjørnafjorden kommune ventar derfor på ei avklaring nasjonalt rundt desse spørsmåla.

Kommunen opplyser samstundes om at dersom du er isolert i heimen eller i heimekarantene, utan moglegheit til å få andre til å levere mat eller medisinar til deg eller familien din på ein trygg måte, kan du ringe kommunen for praktisk hjelp. Ring Os-sida: Telefon 916 72 910. Fusa-sida: Telefon 56 58 01 14