Aktivitetstilbodet på Luranetunet blir ikkje dårlegare i åra framover no etter at det vart klart at Os kommune vil halda fram med å motta SIO-midlar.
Aktivitetstilbodet på Luranetunet blir ikkje dårlegare i åra framover no etter at det vart klart at Os kommune vil halda fram med å motta SIO-midlar.

Får meir midlar: - SIO-prosjektet har gjeve overskot i omsorgssektoren i Os

Os kommunen får SIO-midlar for tre nye år. Frå sommaren 2019 får også Fusa tilbod om denne støtta.

Sidan 2016 har Os kommune motteke såkalla SIO-støtte (Statleg finansiering av omsorgstenesta).

Sist torsdag var eldre- og folkeminister Åse Michaelsen (Frp) på besøk på Luranetunet. Med seg på turen hadde ho lovnad om utvida støtte.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har fåt melding om at me får vera med vidare på SIO-prosjektet. I første rekke får me tilbod om støtte i tre nye år, ut 2022, seier ordførar i Os, Terje Søviknes.

Har gjeve solid overskot

Os kommune har spart gode pengar på å vera del av prosjektet.

– Med SIO er me sikra at alle tenester innan omsorgssektoren blir finansierte av staten, og så langt i prosjektet har Os hatt eit solid overskot sidan me produserer tenestene til lågare kostnad enn det me får i tilskot frå staten, seier Søiviknes.

Alle kommunar som skal slå seg saman med ein SIO-kommune får tilbod om å slutta seg til prosjektet. Dermed får Fusa kommune tilbod om å få midlar frå sommaren 2019.

Totalt blir prosjektet no utvida med seks nye kommunar.

Midlane blir i sektoren

Søviknes kan ikkje seia eksakt kor mykje pengar kommunen har spart på SIO-prosjektet, men presiserer at det er betydelege summar.

– Denne avtalen har vore svært gunstig for oss. Det er det ingen tvil om.

– Kva gjer de med overskotet?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det går til andre ting innanfor omsorgssektoren. Midlane er bundne, så me kan ikkje bruka dei til noko anna, berre så det er klart, slår ordføraren fast.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no