Uvanleg melding: Ei noko uvanleg Twitter-melding frå Vest politidistrikt måndag.

Får tidvis telefonar på morgonkvisten frå «folk som saknar partnaren sin»

Vest politidistrikt med oppmoding til å følgja fjellvitreglane også på byen.

Ei noko uvanleg Twitter-melding frå Vest politidistrikt måndag.

– I helgane har me tidvis litt telefonar på morgonkvisten frå folk som saknar partnaren sin, ofte etter bytur eller julebord. Juleborda er snart over, men me tenkjer at fjellvitreglane også fungerer på ekspedisjonar til freistingane i bylivet, særleg nr 1, 2 og 8, tvitrar politiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til informasjon er dei tre reglane det vert henvist til, desse:

1. Planlegg turen og meld frå kor du går.

2. Tilpass turen etter evne og forhold.

8. Vend i tide, det er ingen skam å snu.