Mildare ver på veg: – Mildveret kjem i vest og det er venta vanskelege køyreforhold.

Farevarsel om is for delar av Vestlandet: Kan bli vanskelege køyreforhold

Mildveret er på veg.

Meteorologane har sendt ut gult farevarsel om is for delar av Vestlandet frå laurdag morgon.

– Mildveret kjem i vest og det er venta vanskelege køyreforhold laurdag morgon grunna regn som frys på kald bakke. Seinare vil det gå over til slapseføre som framleis gjev vanskeleg køyreforhold, skriv Meteorologane på Twitter.