Slik er forholda i sentrum når det ikkje er fungerande veglys: BKK Enotek opplyser at dei har vore på staden, igjen, og at ei mellombels løysing forhåpentlegvis vil fungera fram til dei får fiksa problemet skikkeleg.

Feilen blei fiksa, men så blei det mørkt igjen

BKK Enotek fiksa veglysa i sentrum som ikkje fungerte førre veke, men i helga blei det mørkt igjen.

Det var i førre veke at fleire reagerte på at var bekmørkt i sentrum, då fleire veglys ikkje fungerte. BKK Enotek feilsøkte og fann feilen, og fekk såleis orden på problemet.

Les også
Reagerer på mørklagt sentrum: Gav klar beskjed om at dette må fiksast

– Årsaka var ein kabelfeil. Vi ventar på å kunna grava. Som ei mellombels løysing, blei det kopla om. Det har kome mykje nedbør i helga, noko som kan vera årsaka til at det blei mørkt igjen, seier Noss.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vil lysa fungera seinare i ettermiddag?

– Vi har isolert bort jordfeilen. Det ser bra ut, men ein veit jo aldri. Eg kan ikkje garantera det, seier Noss og legg til at han ikkje trur at det skal ta så lang tid før dei får løyve til å grava.

– Eg trur ikkje det tek så lang tid. Vi vil grava og sjekka koplingar som er av eldre dato, men vi får håpa at den mellombelse løysinga fungerer enn så lenge.