Fekk besøksforbod etter truande åtferd
Ein mann i 30-åra besøkte sin tidlegare ektefelle fredag kveld. Det skal ha utvikla seg slik at politiet måtte ta affære.
– Fredag kveld i 22-tida oppsøkte ein mann i 30-åra sin tidlegare ektefelle. Dei to bur på ulike adresser i dag. Det utvikla seg, og mannen skal ha hatt ei truande åtferd. Han har fått besøksforbod, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
Vist bort frå sentrum
Natt til søndag blei ein mann i 20-åra vist bort frå Os sentrum.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det var ein konfrontasjon mellom ein mann i 20-åra og ein mann i 30-åra. Då politiet kom til staden var partane frå kvarandre. Politiet viste bort den mest hissige parten – mannen i 20-åra. Han fekk pålegg om å halda seg borte frå sentrum og gjorde som han fekk beskjed om, seier Hadler-Olsen.
Politiet var også ein tur innom ein fest i Hegglandsdalen.
– Det var eit arrangement i ungdomshuset i Hegglandsdalen. Ein ung mann blei vist bort frå festen, seier Hadler-Olsen.
Søndag morgon hadde politiet promillekontroll i Lysefjorden.
– 40 bilar blei kontrollerte i krysset Sperrevikvegen og Lyseklostervegen. Der fann ikkje politiet noko å reagera på, seier Hadler-Olsen.