Bot: Ein mann fekk bot på 5.500 kroner for å ha køyrd for fort i Hegglandsdalen.

Fekk bot i Hegglandsdalen

Ein mann i starten av 20-åra var for hard på gasspedalen på Hegglandsdalsvegen måndag kveld.

Politiet stoppa mannen på Hegglandsdalsvegen klokka 20.20 måndag kveld.

– Dette skjedde i 50-sona i Hegglandsdalen. Han fekk ein bot på 5.500 kroner, noko han aksepterte, opplyser politioverbetjent, Anne Lyssand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fredag ettermiddag fekk politiet melding om ein båt på Naustholmen utanfor Nordstrøno.

– Båten ligg på Naustholmen. Melder opplyser at det er ein gamal plastbåt på 16.17 fot. Om det er nokon som saknar ein slik båt, kan ein kontakta politiet, fortel Lyssand.