Mannen har også tidlegare fått påpakning for å spela for høg musikk fra bustaden sin. Han er no meldt for ordensforstyrringar.
Mannen har også tidlegare fått påpakning for å spela for høg musikk fra bustaden sin. Han er no meldt for ordensforstyrringar.

Fekk delar av stereoanlegget inndrege

Ein mann i 40-åra er meldt for ordensforstyrring med høg musikk i Kuvågen.

Politiet var tre gonger ute for å be mannen dempa musikken tysdag kveld. Då dei måtte ut den tredje gongen i 21.30-tida, valde lensmannsbetjentane å ta delar av stereoanlegget frå den musikkglade bebuaren.

– Han fekk fleire sjansar til å skru ned og dempa musikken. Folka våre var ute og gav han beskjed om dette både klokka halv sju og halv åtte tidlegare på kvelden. Då han ikkje etterkom oppfordringa vår, var det ikkje anna å gjera enn å ta med noko av utstyret, seier Audun Hadler-Olsen ved Os lensmannskontor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mannen har også tidlegare fått påpakning for å spela for høg musikk fra bustaden sin. Han er no meldt for ordensforstyrringar.

Steinar i vegbanen

Klokka 18.00 tysdag kveld fekk Os lensmannskontor melding om steinras på Hatvikvegen. Ingen kom til skade.

– Det er ein plass på flatstrekket like før ferjekaien at det også tidlegare har rast steinar ut i vegbanen. Denne gongen var det snakk om nokre steinar på storleik med fotballar, forklarar Audun Hadlar-Olsen.

Han legg til at folk frå vegtrafikksentralen fekk rydda vegen og sett til at alt var ok. Ingen bilar eller personar kom til skade i steinraset.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no