Ikkje lov: Bilistar har ikkje lov til å køyra her frå og bort denne gata, som skiltet viser.

Fekk førelegg for å køyra feil veg her

Sparte verken tid eller pengar.

Klokka hadde bikka midnatt laurdag då politiet skal ha observert ein bilist som køyrde mot skilting i Os sentrum.

Vedkomande skal ha køyrd mot trafikken i den einvegskøyrde gata Øyro. Det står skilt ved Havnechefen og ved rådhuset, om at det ikkje er lov til å køyra vidare forbi Bakketeig, Sælen og Malina.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Føraren vedtok eit førelegg på kroner 6.000, opplyser politioverbetjent Atle Birkeland i ein e-post.

Politiet fekk også melding om amper stemning ved ein utestad i Os sentrum natt til søndag. Kort tid etter fekk dei melding om at situasjonen hadde flytta seg bort til taxikøen.

— Politiet var oppteken med eit anna oppdrag. Det kom ingen fleire meldingar på forholdet, skriv Birkeland.