Ikkje lov å vera på hytte utanfor heimkommunen: Politiet var på Ballandsneset i Lysefjorden for å førebyggja.

Fekk melding om at det kunne vera hyttefolk på hytter i Lysefjorden

I 13-tida søndag vitja politiet i Os eit hytteområde på Ballandsneset i Lysefjorden.

Politiet hadde fått melding om at det var observert folk i området. Men då overvakningsvidoen vart sjekka, viste det seg, ifølgje politiet, at det berre var ein vektar.

– Politiet var på staden for å førebyggja. Ein sjekka dessutan om det var teikn til innbrot i området. Det var det ikkje, opplyser politioverbetjent ved Bjørnafjorden lensmannskontor, Anne Lyssand.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Politiet snakka med ein hytteeigar, og viste seg i feltet der ute. Hytteeigaren vi var i kontakt med overheldt hytteforbodet. Det var ingen som vart bedne om å dra heim, er beskjeden frå Lyssand.

Les også
Regjeringa forbyr opphald på hytte utanfor heimkommunen
Les også
Vil agera om det blir meldt om folk på hytter og i fritidsbustader