Påkøyrsel: Hendinga fann stad i sentrum. Meldinga gjekk på at ei eldre kvinne hadde køyrd i fleire bilar, men det viste seg at kvinna hadde køyrd i éin bil.

Fekk melding om at ei eldre kvinne køyrde inn i fleire bilar i sentrum

Det viste seg at det var ei kvinne i 80-åra som hadde køyrd inn i bilen til ei anna kvinne — også ho i 80-åra.

Onsdag ettermiddag i 15-tida, fekk politiet melding om at ei eldre kvinne hadde køyrd inn i fleire bilar i sentrum. Politiet drog til staden.

— Det var ei kvinne i 80-åra som hadde køyrd inn i bilen til ei anna kvinne i 80-åra. Det skjedde i låg hastigheit, ifølgje eit vitne, og det var ingen store skader, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand i ein e-post.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det skal ha blitt skrive skademelding på staden. Politiet har ikkje oppretta sak på hendinga.