Morgon: Politiet fekk melding kl 06.30 onsdag morgon.

Fekk melding om hjorte-påkøyrsel i dag tidleg

Uhellet skjedde sør for Mobergsbrua.

Politiet fekk melding kl 06.30 onsdag morgon.

Hjorten skal ha lagt død i vegkanten etter påkøyringa, og Viltnemnda/Ettersøksringen vart varsla.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet var ikkje på staden då det ikkje var meldt om personskadar etter uhellet.

Det skal ha vore ein del skadar på bilen, men ingen var fastklemt og airbagen var ikkje utløyst.

Politiet påpeikar at «det har vore ein del hjortepåkøyringar den siste tida» og ber bilistar vera merksame.