Skal ha gått til åtak: Ein mann skal ha slått fleire personar under eit arrangement i Lysefjorden i helga.

Fekk melding om mann som skal ha slått fleire personar

Ut frå meldinga til politiet, skal det ha gått føre seg på eit arrangement i Lysefjorden-området.

Natt til laurdag litt før klokka 3, fekk politiet melding om ein rusa mann som hadde slått til fleire personar under eit arrangement i Lysefjorden-området.

Det skriv politioverbetjent ved Bjørnafjorden politistasjon, Anne Lyssand, i ein e-post.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Mannen skal ha gått frå staden. Det blei ikkje send patrulje, og det er ikkje meld om at nokon blei skadd, skriv ho.

Avskilting av køyretøy

Fredag formiddag sjekka politiet eit køyretøy i Lysefjorden. Politiet opplyser at eigaren ikkje var på staden, og at det viste seg at bilen hadde bruksforbod. Køyretøyet blei avskilta.

Også laurdag var det eit køyretøy som blei avskilta. Denne gongen i Industrivegen. Årsaka var at køyretøyet ikkje hadde blitt omregistrert og heller ikkje EU-godkjent, skriv Lyssand.

I begge tilfella blei det lagt lapp på frontruta med informasjon.