Nytt tilfelle: Det er meldt om eit nytt covid-19-tilfelle. Ei kvinne i 50-åra, som har vore i karantene i Bjørnafjorden kommune, har testa positivt.

Fekk påvist covid-19 på sjukehuset: Har sete i karantene i kommunen i forkant

Bjørnafjorden kommune melder på heimesida si at ei kvinne i 50-åra har testa positivt for covid-19 etter ein utanlandstur.

— Det er ingen andre nærkontaktar i Bjørnafjorden kommune, opplyser assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale.

Den smitta er busett i ein annan kommune, men har vore i karantene i Bjørnafjorden kommune etter utanlandsreisa, saman med ein person i reisefølgjet sitt. Denne personen har testa negativt for covid-19.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kvinna blei innlagt på Haukeland universitetssjukehus etter vurdering av koronalegevakta i Bjørnafjorden kommune i går, 5. november. Smitten blei påvist på sjukehuset. Ho er utskriven i dag, og reiser tilbake til bustadkommunen sin. Her vil ho vere isolert til ho testar negativt for koronavirus.