Hytteprat. Tom Leonsen frå kultureininga, ordførar Trine Lindborg og Kåre Nytræ frå Os Turlag orienterte torsdag om dagsturhytter i kommunen.

Fekk pengar til to dagsturhytter: No røper kommunen kvar dei blir plasserte

I 2019 løyvde fylkeskommunen pengar til to dagsturhytter i Bjørnafjorden kommune — éi på Fusa-sida og éi på Os-sida. No er det klart kvar hyttene skal liggja.

Bjørnafjorden kommune opplyser i ei pressemelding at ei arbeidsgruppe sett saman av representantar frå kommuneadministrasjonen og turlaga har jobba iherdig for å gjera alvor av planane, og ikkje minst avgjera kor hyttene skal liggja.

Terje Raunsgard frå Fusa Turlag, Kåre Nytræ frå Os Turlag og Asle Andås og Tom Leonsen frå Bjørnafjorden kommune har saman gått gjennom moglege plasseringar som oppfyller kriteria for tildeling frå Vestland fylkeskommune:

Artikkelen held fram under annonsen.

• Meir enn 40 parkeringsplassar i gangavstand på 25—45 minutt

• Tilgjengeleg for barn og unge, nærleik til barnehage, skule og idrettsanlegg og bustadområde

• Gangavstand frå sentrum. Maksimalt 15 minutt køyretid frå sentrum til parkeringsplass

• Stien må tola trafikkauke

• Ta omsyn til kulturminne, skog, dyre- og planteliv

• Skal liggja i eit område med samanhengande turvegar

• Tomta må vera stor nok for eit bygg på 50 m²

• Fin utsikt og gode soltilhøve

Artikkelen held fram under annonsen.

• Godkjent avtale med grunneigar(ar) heile vegen frå parkering til hytta

Hyttene skal liggja på Borgafjellet og Vetlevardhaugen/Koldal. Sjå biletserie under.

— Arbeidsgruppa har vurdert mange fine stader, og vi er svært godt nøgde med desse to plasseringane for dagsturhyttene. Her får bjørnafjordingane flotte naturopplevingar, nydeleg utsikt og gode solforhold, samstundes som hyttene er tilgjengelege for alle, fortel Tom Leonsen, prosjektleiar for dagsturhyttene i Bjørnafjorden.

Turlaga i Bjørnafjorden skal drifta dei to dagsturhyttene.

Målet med dagsturhyttene er å skape ein sosial møteplass i naturen, og få fleire ut på tur oftare.

— Vi håpar hyttene vil vere ein attraksjon i seg sjølv. På fine dagar kan ein møtast til leik og aktivitet rundt hytta, eller vandra vidare på ein av stiane i området. Når det regnar og blæs, kan ein fyra i vedomnen og eta nista innandørs. Etter kvart vil det kanskje òg vera bøker i hyttene, seier Leonsen, som fortel om stor interesse og velvilje frå grunneigarane på begge sider.

Kjetil Koldal eig hyttetomta på Vetlavardhaugen, medan Einar Borgen er grunneigar der Borgafjellet-hytta skal stå.

— Vanlegvis løyver fylkeskommunen midlar til éi dagsturhytte per kommune. Men eit samla kommunestyre gjekk inn for å søkja om midlar til to hytter i den langstrekte kommunen vår. Det er ekstra flott at vi fekk det til. Eg vil takka turlaga for engasjementet og det viktige arbeidet dei legg ned for folkehelsa i kommunen. Eg må òg seia at eg er svært takksam for slike positive og velvillige grunneigarar, seier ordførar Trine Lindborg (Ap).

Artikkelen held fram under annonsen.

No skal turlaget og kommunen i gang med å rydda plass til hyttene, før grunnarbeidet tek til. Hyttene skal etter planen koma på plass i løpet av hausten.

Det er i dag ikkje flusst av parkeringsplasser i umiddelbar nærleik til Borgafjellet. På sikt skal parkeringsplassen ved den nye skulen på Hjelle nyttast som parkeringsplass for turgåarar.

– Hyttene vil vera klare i god tid før parkeringsplassen er det. Vi har fått til ein avtale med barnehagen om at ein kan nytta parkeringsplassen der om ettermiddag og på kveldstid. Det vil koma informasjon om dette på heimesida til kommunen, og vi vil få på plass mellombels skilting, fortel Leonsen.