Frvillige lag og organisasjonar blir oppmoda å søkja om midlar.
Frvillige lag og organisasjonar blir oppmoda å søkja om midlar.

Fellesnemnda deler ut pengar: 250.000 kroner er i potten til lag og organisasjonar

– Vi vil visa breidda i alt som rører seg innan kunst, kultur, musikk, idrett, natur og anna, seier kultursjef, Erik Vangsnes.

Fellesnemnda har sett av 250.000 kroner til eit kulturbyggingsprosjekt fram mot 2020. Frå 4. mars blir det lyst ut ei tilskotsordning der lag og organisasjonar i dei to kommunane kan søkja om pengar til gode tiltak som fremjar samarbeid og kulturell brubygging fram mot Bjørnafjorden kommune.

– Frivillige lag og organisasjonar kan søkja om midlar til ein eller fleire aktivitetar som må gjennomførast innan 1. januar 2020. For å få det til å myldra mest mogleg blir det ei øvre grense for tilskot på 10.000 kroner, fortel Vangsnes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nyskapande, inkluderande og inviterande

Aktiviteten må oppfylla nokre krav for at ein skal kunna få tilskot:

* Nyskapande. Til dømes ta i bruk nye arenaer og/eller oppsøkja nytt publikum.

* Inkluderande. Til dømes utspela seg på «hi sio» av fjorden eller på ein eller annan måte inkludera bjørnafjordingar i både Os og Fusa.

* Inviterande. Vi oppmodar til samarbeid og kulturell brubygging.

Søknadsskjema finn ein på heimesida til Bjørnafjorden kommune frå 4. mars.