Jobbar på spreng: Ferjekaibrua er heist opp frå sjøen. Det blir utført reparasjon på staden no.

Ferja innstilt inntil vidare: — Dette vil ta ei stund

Ein hyrdaulikksylinder rauk. Då hamna ferjekaibrua på sjøen, og sambandet blei innstilt inntil vidare.

Klokka 5.54 melder Vegtrafikksentralen at ferja mellom Hatvik og Venjaneset er innstilt inntil vidare på grunn av tekniske problem på ferjekaien på Hatvik.

Kaptein på ferja, Kent Eivind Storum, fortel at det er ein sylinder på ferjebrua er gåen. Det gjorde at ferjekaibrua hamna på sjøen.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Dette vil ta ei stund. Det kan fort vera snakk om ein del timar, seier han.

Det vert stadfesta av Fjord1 som litt over klokka 7 melde at det er forventa «lang rettetid». Dei oppdaterer undervegs.

Morgonavgangen frå Venjaneset måtte gjera vendereis ettersom det ikkje var mogleg å leggja til kai ved Hatvik. Dei åtte passasjerane ombord vart sett i land att på Fusa-sida.

Venjaneset: Her ligg ferja til kai på Venjaneset. Kapteinen trur han vert liggjande ei god stund.

Ferja ligg no fortøyd på Venjaneset.

25. oktober vart det full stopp i morgontrafikken på grunn av problem med hydraulikken på ferjekaien på Venjaneset-sida.

Også andre problem denne hausten har stoppa ferja.

Les også
Ny rute innstilt på grunn av tekniske problem
Les også
— Ikkje første gong me må ryggja av ferja
Les også
Ferjeavgang vart innstilt grunna veret