Ukjend smitteveg: Alle som testa positivt for covid-19 tysdag hadde ukjend smitteveg.

Fire nye smittetilfelle tysdag. Alle med ukjend smitteveg

Fire personar fekk påvist covid-19 i Bjørnafjorden tysdag.

Av desse personane er det ifølgje nettsida til Bjørnafjorden kommune tre tenåringar. Smittevegen er ukjend.

Den siste som fekk påvist covid-19 i kommunen tysdag, er eit barn i barneskulealder. Barnet hadde ingen symptom, men vart testa ved heimkomst frå utlandet. Også i dette tilfellet er smittevegen ukjend.