Tone Hepsøe, Nils Anders Nøttseter, Helge Steinum og Jon Sivert Rykkel då Osfest-vedtaket vart fatta i Os formannskap i februar.
Tone Hepsøe, Nils Anders Nøttseter, Helge Steinum og Jon Sivert Rykkel då Osfest-vedtaket vart fatta i Os formannskap i februar.

Fire parti bak krav om lovlegkontroll

Opposisjonspolitikarar meiner at ordførar Terje Søviknes var inhabil i Osfest-vedtaket. Søviknes ønskjer på si side ei ekstern vurdering velkomen.

Etter at det medknapt fleirtal i februar vart vedteke at Osfest får ein halv mill. kroner i støtte, harpolitikarane debattert om formelle sider ved vedtaket.

Uforsvarleg og inhabilitet

No krev Miljøpartiet dei grøne lovlegkontroll av vedtaket med følgjande grunngjeving:

Artikkelen held fram under annonsen.

1. Kommunelovas § 23.2 pålegg rådmannen ansvaret for sakshandsaming: "Administrasjonssjefen skal påse at de saker som legges fram for folkevalgte organer, er forsvarlig utredet". Det har undervegs og etter vedtaket kome fram informasjon som gjer at vi meiner saka ikkje er forsvarleg utgreidd. Vi meiner det er skjerpande omstende at ordføraren ikkje svara på direkte spørsmål om relevant informasjon då saka vart debattert i formannskapsmøtet, trass i at han hadde kunnskap om temaet.

2. Ordføraren var sjølv sakshandsamar i saka, og sakshandsamar skal normalt sett vera ugild i politisk handsaming. Gildskapsreglane i forvaltningslovas § 6 omtalar rettnok offentleg tenestemann, som ordføraren formelt sett ikkje er - han er folkevald. Men: Likefullt er det i kommunelovas § 40.3 gjeve reglar for gildskap for politikarar: "Om inhabilitet gjelder reglene i forvaltningsloven kap. II (...)", og etter vår meining burde altså ordføraren ha vore ugild i politisk handsaming av saka. Ordføraren si dobbeltstemme avgjorde saka, så det er ikkje tvil om at ordføraren si stemme var av avgjerande karakter.

Kravet er signert av seks politikarar. I tillegg til MDG sine to representantar, har Tone Hepsøe (Ap), Gisle Hesjedal (Ap), Terje Sperrevik (TvS) og Siren Tømmerbakke (Sp) signert kravet.

Ordføraren ønskjer ekstern kontroll velkomen

Ordførar Terje Søviknes har registrert kravet som er kome frå MDG og støttepartia, og seier at administrasjonen vil utarbeida ei sak på dette til formannskapsmøtet 12. april.

- Då kan eitt av to skje. Formannskapet enten halda oppe sitt vedtak, eller ikkje. Dersom organet står ved vedtaket, skal kravet sendast til fylkesmannen, seier ordføraren.

Han seier at det kan vera sunt at ein ekstern tredjepart no ser på saka. Sjølv trur han at påstandar om inhabilitet er grunnlause.

- Dersom ein ser etter i rettleiaren regjeringa har gjeve ut, står det ganske tydeleg. Dersom du som tilsett er med som sakshandsamar, kan du ikkje deretter vera med å handsama ei sak. Det gjeld altså tilsette tenestemenn, og ikkje politikarar. Dette har me hatt oppe og fått vurdert tidlegare, seier han.

- Eg tenkjer at det berre er bra at fylkesmannen får sagt sitt no, slik at me får avslutta dette maratonløpet. Kritikk må ein leva med som ordførar, det toler eg fint. Men eg synest det er litt ugreitt at Osfest får eit slikt fokus. Det går på omdømmet laus, slik dei også haruttrykt i lesarbrev, og det er ikkje kjekt. Det er ille at dette går ut over ein festival som me alle vil skal veksa, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nøttseter: - Ikkje ute etter Osfest

Nils-Anders Nøttseter understrekar at dei ønskjer å stø Osfest, og at det er den politiske prosessen dei meiner har vore uryddig.

- Det er sjølvsagt uheldig at Osfest føler at dei har vorte skadelidande i prosessen. Men eg har heile tida gjort merksam på at det er den administrative og politiske prosessen som er gjenstand for min kritikk. Det var jo difor MDG valde å leggja fram alternativ innstilling til vedtak sjølv om me meinte saka ikkje var tilstrekkeleg utgreidd. Det var nettopp for å sørga for eit vedtak og ei avklaring for Osfest. Hadde saka vore skikkelige utgreidd, hadde dette vore løyst 1. desember, seier Nøttseter.

Dette seier lova

Kommunelova gjev folkevalde rett til å krevja slik kontroll av eit vedtak fatta i folkevald organ:

"Fylkesmannen kan på visse vilkår gjere lovlegkontroll av kommunale vedtak. Kommunelova § 59 er ei føresegn om lovlegkontroll. Første ledd første punktum lyder: «Tre eller flere medlemmer av kommunestyret eller fylkestinget kan sammen bringe avgjørelser truffet av folkevalgt organ eller den kommunale eller fylkeskommunale administrasjon inn for departementet til kontroll av avgjørelsens lovlighet». Mynde til å gjere slik lovlegkontroll er delegert til fylkesmannen.

Fristen for å krevja lovlegkontroll for medlemmar av kommunestyret eller fylkestinget er tre veker frå det tidspunkt avgjerda blei tatt. Dette går fram av «Forskrift om tidsfrist for krav om lovlighetskontroll» av 13. januar 1993.

Kravet frå opposisjonspolitikarane er sett fram 10. mars, altså temmeleg nøyaktig like før fristen gjekk ut. Saka kjem til formannskapet 12. april.