Geir Magne Moberg reagerer på at orførar og varaordførar ikkje har informert om Oseanas interesse for Fjellheim. (Arkiv
Geir Magne Moberg reagerer på at orførar og varaordførar ikkje har informert om Oseanas interesse for Fjellheim. (Arkiv

Fjellheims siste akt?

Denne siste saka skulle eg likt blei framførd på scena i staden for i det verkelege livet.

Eg sit og les i Os & Fusaposten om den nye vendinga i Fjellheimsaka.

Personleg har Fjellheim til tider vore min andre heim.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå mi si side mest frå scenekanten, men og som tilskodar på mange arrangement, der både eldre og unge har fått vist sitt talent. «Talentfabrikken» med Anne-Leni og Terje har sitt rotfeste der, og det var faktisk med dei eg opptredde sist for over ti år sidan. Eg har likevel ikkje «blanda» meg inn så mykje etter at kommunestyret tok si avgjersle om å selje eigedomen til private aktørar. Eg har respekt for fleirtalet, men det har vore ei stor sorg hos meg som hos mange andre.

Mykje kjensler

Fjellheimsaka har skapt mykje engasjement- mange kjensler med både sinne og tårer. Denne siste saka skulle eg likt blei framførd på scena i staden for i det verkelege livet.

For nokre veker sidan kom oppslaget om at ein privat aktør ville kjøpa eigedomen og fortsette med kulturell drift. Håpet om at noko slikt kunne skje har alltid vore der, men og med ein dårleg følelse.

Kva ville skje om den private kjøparen ikkje fekk dette til å gå økonomisk slik han trudde?

No viser det seg at to av tre i Eigedomsutvalet har visst om ei mogleg løysing til vidare drift av Fjellheim utan at tredjemann er informert. At noverande ordførar meiner at dette ikkje ligg innanfor utvalet sitt mandat, og derfor med andre ord ikkje har ålmenn interesse, er skremmande av fleire årsaker.

For det første er dette absolutt noko dei tre skulle ha visst på lik line spesielt med tanke på at dei her skulle ta stilling til ein pris under både prisforlangande og takst, men og med eit «press» frå folket om å selja nettopp pga vidare kulturell drift. I staden sit noverande og dåverande ordførar og vel å ikkje informera tredjemann i utvalet om ei anna løysing. Tredjemann får vita dette tilfeldig, og slutninga om ikkje å selje vert tatt.

For det andre er dette eit absolutt interessant emne for dei aller fleste av oss som bur i Os. Sjølv om det ikkje har vore noko «formell» kontakt så er det noko som burde vore informert om med ein gong det dukka opp, og kanskje fått ein dialog så snart som mogleg. Intensjonen er nok at «begge ordførarane» kun var interessert i sal og ikkje vidare drift. Ein kan sjølvsagt forstå lojaliteten til eit vedtak, men når slike alternativ oppstår, burde heile kommunestyret fått same infoen for å drøfta om dette var noko å gå vidare med.

Artikkelen held fram under annonsen.

Er det slik vi ønskjer at politikarane våre skal handla? Er det på bakrommet nye forslag og moglegheiter skal vurderast? Kva for andre saker er hemmelege?

Bør ha openheit

Nye Bjørnafjorden kommune treng politikarar som skal jobba for den einskilde bjørnafjordingen, der openheit bør vera første regel for både tillit og tryggleik.

Denne saka slik den er skrive, liknar meir på kartellverksemd enn lokaldemokrati, og ser ikkje pen ut for å sei det forsiktig.

Geir-Magne J. Moberg Listekandidat Bjørnafjorden AP