Blei sløkt: Brannvesenet rykte ut og fekk sløkt bålet, som skal ha ført til at fleire reagerte måndag kveld.

— Flammane var sikkert tre meter høge, og det var heilt mørkt ute

Varabrannsjef Erik Walden var alt på staden då meldinga kom frå 110-sentralen.

Måndag kveld kom det inn melding om bålbrenning på ei adresse i Bjørnafjorden Aust.

Politiet rykte ut. Då dei kom fram til staden, var Walden alt på plass. Han hadde tilfeldigvis oppdaga flammane og køyrd til adressa.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det var eit kjempestort bål. Flammane var sikkert tre meter høge, og det var heilt mørkt ute. Det skal ha vore fleire som har reagert på dette, fortel Walden.

– Bål i mørket er ikkje å tilrå

Brannvesenet vil minna om at det ikkje er lov til å brenna noko anna enn hageavfall og at det er viktig å ha sløkkjemiddel tilgjengeleg.

— Tankbilen kom og fekk dynka bålet, fortel Walden.

Varabrannsjefen legg til at det ikkje er å tilrå å brenna bål etter mørkets frambrot.

— Det er mange som kan sjå det i mørket, og ein kan få inntrykk av flammane står opp etter husveggen, til dømes. Dette kan føra til full utrykking. Då kan vi hamna i ein situasjon der ressursane våre blir sende på eit 'uskuldig bål' når vi burde ha vore på ei ulukke ein annan stad.

I lys av kommuneøkonomien, er det også uheldig med unødvendige utrykkingar.

— Ved melding om bygningsbrann blir det full alarm. Då kjem det fort 15 personar frå brannvesenet med overtida dei skal ha, poengterer Walden.

Politioverbetjent ved Bjørnafjorden politistasjon, Anne Lyssand, opplyser at politiet har oppretta sak.

Artikkelen held fram under annonsen.

Melding om brann i busskur

Klokka 23 måndag kveld var politiet og brannvesenet ute i felten etter melding om brann ved eit busskur i Hatvikvegen.

— Vi fekk melding om brann i busskur og i graset kring, fortel Walden.

Men då brannvesenet kom fram, var det kontroll på staden.

Både politiet og brannvesenet opplyser om at fyrverkeri kan ha vore årsaka. Lyssand skriv i ein e-post at det er oppretta sak og at det skal ha vore vitne på staden.

Fekk ikkje kontakt med sovande mann

Politiet opplyser også om ei hending måndag morgon, på ein buss ved bussterminalen.

Ein mann i 20-åra sov i bussetet. Det skal ha vore vanskeleg å få kontakt, og Lyssand skriv at det kan vera rus inne i biletet.

— Ambulansepersonell var på staden og oppdraget blei teke over av helse.