Hundrevis av kundar storma butikkane på Black Friday. Her på Oslo Fashion Outlet i Vestby. På nyåret har fleire enn i fjor mål om å bli flinkare til å knipe igjen lommeboka. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix/ NPK

Fleire ønskjer å bli flinkare til å knipe igjen lommeboka på nyåret

Etter å ha brukt nær 100 milliardar kroner på julehandelen i år går fleire nordmenn enn før inn i det nye året med nyttårsforsett om å kutte forbruket.

17 prosent vil bruke mindre pengar, 10 prosent seier dei vil ha «shoppestopp», medan 9 prosent seier dei har som nyttårsforsett å kjøpe meir brukt i det nye året, ifølgje ei undersøking gjort av Ipsos for DNB.

Banken har gjennomført undersøkinga dei tre siste åra, og i år er det ein auke på mellom 2 og 3 prosentpoeng blant respondentane som vil kutte forbruket.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er unge vaksne i alderen 18 til 29 år som er mest opptekne av forbrukskutt. Ifølgje undersøkinga har heile 37 prosent i denne aldersgruppa planar om å spare meir, 29 prosent vil bruke mindre pengar, medan 19 prosent vil byrje med såkalla shoppestopp og handle meir brukt.

Høgt forbruk

Nordmenn har nest høgast personleg forbruk i Europa, ifølgje den

Berre Luxembourg hadde høgare personleg konsum per innbyggjar enn Noreg, som låg 27 prosent over EU-snittet.

I førkant av julemånaden desember spådde Oslo Handelsstands Forening ein vekst i julehandelen på 0,9 prosent frå fjoråret, og at nordmenn til saman ville punge ut 97 milliardar kroner i samband med julefeiringa i år, medan SSB spådde at nordmenn ville handle for 57 milliardar kroner i desember.

Utfordringar i varehandelen

Sjølv om nordmenn bruker mykje pengar på julefeiringa, har varehandelen hatt utfordringar i fleire år.

Bransjen er òg den einaste som har opplevd negativ vekst dei siste månadane. Det blir òg venta negativ vekst framover.

Blant årsakene til det søkkande omsetningsvolumet er auka grensehandel, større merksemd rundt reduksjon av matsvinn, meir gjenbruk og sterk konkurranse frå utanlandsk netthandel, ifølgje den siste nasjonale rapporten frå Noregs Bank.

Få eldre har nyttårsforsett

Samtidig som fleire i Ipsos-undersøkinga svarer at dei vil redusere eige forbruk, er det mange som går inn i det nye året utan økonomiske nyttårsforsett. Heile seks av ti har ikkje nyttårsforsett, ifølgje undersøkinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er færrast nyttårsforsett blant dei eldre over 60 år. Heile 82 prosent av dei spurde i denne aldersgruppa svarer at dei ikkje har nokon nyttårsforsett.

I andre enden av skalaen er dei unge vaksne. 30 prosent i denne gruppa svarer at dei har nyttårsforsett.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Vidar Ruud / NTB scanpix/ NPK