Radarkontroll: Politiet har vore svært aktive i Os-trafikken dei siste vekene. Her frå ein tidlegare kontroll.

Fleire personar vart 4.800 kroner fattigare

Nok ein gong har politiet vore på ferde med lasaren sin.

Tysdag kveld litt før klokka 20 hadde politiet laserkontroll i 80-sona i utkanten av Skogafjellstunnelen i retning Os.

Resultat her vart fem forenkla førelegg. Høgste fart var 95 km/t, noko som betyr 4.800 kroner til statskassa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nokre timar seinare stilte politiet seg opp i 60-sona på Byvegen.

Her vart det to forenkla førelegg der høgste fart var 73 km/t. Også her er summen 4.800 kroner.

Parkerte bilar

Tidlegare på dagen, litt etter klokka halv eitt, fekk politiet melding om to køyretøy som stod parkert på Osbrua i Hatvikvegen ved gangfeltet.

Politiet drog til staden, men ingen biler var å sjå.