Postkassen hang på dette stativet. Ein rakett som låg like ved postkassestativet, kan ha blitt brukt til å utøva skadeverket.
Postkassen hang på dette stativet. Ein rakett som låg like ved postkassestativet, kan ha blitt brukt til å utøva skadeverket.

Fleire postkassar sprengde

Så langt har politiet fått melding om tre sprengde postkassar, og to av dei er i Strøno-området.

Fantestrekane som har funne stad i samband med nyttårsfeiringa, har i år råka bebuarar i Strøno-området. Den første som kontaktar lokalavisa, har også meldt frå om hendinga til politiet.

- Postkassen var plassert ikkje langt frå snuplassen. Det er ganske langt frå folk, så det verkar for meg som om nokon må ha køyrd hit eins ærend for å øydeleggja postkassen vår, seier eigaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter at Os og Fusaposten skreiv om hendinga i onsdagsavisa, melde ein annan eigar busett ved Strønevegen (like ved Askeladden) om det same. Helene Tveiten Alden oppdaga at postkassen var øydelagt 2. januar (sjå bilete).

- Det er første gongen noko slikt skjer her. Ungane vert litt skremt når nokon har sprengt i postkassen i bitar, seier Alden.

Også i Varåsen

Politioverbetjent Audun Hadler-Olsen seier at dei har fått til saman tre meldingar om sprengde postkassar. Den tredje meldinga kom frå Varåsen.

- Det gjentek seg kvart år at nokre postkassar blir sprengde, seier Hadler-Olsen.

- Er dette noko folk berre må leva med?

- Skadeverk som dette er noko politiet får vita om i ettertid. Og det er avgrensa kva ressursar me har på å setja inn på skadeverk, seier politioverbetjenten.