(Arkivfoto)
(Arkivfoto)

Fleire slåsskampar i natt

Politiet måtte handsama to slåsskampar i natt. - Det kom inn ei melding om at jenter var lagt i bakken på Osbrua, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Hans-Erik Thue.

- Dei involverte partane på Osbrua ønskjer å melda kvarandre. Både jenter og gutar var involvert. Vi har per no ikkje oversikt over kva som har skjedd på Osbrua, seier Thue.

Denne hendinga fann stad klokka 03.29. Eit kvarter seinare, kom det på ny inn ei melding om slåsskamp. Denne gongen på Esso-stasjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Også her var det fleire involverte. Dei hadde ulike versjonar om kva som hadde skjedd, og kom med påstandar mot påstandar, seier Thue.

Politiet fekk roa ned dei involverte.

I Fusa har det, ifølgje Thue, vore stille og roleg i helga.