Rykte ut: Både brannvesenet og politiet var på staden etter at det kom inn melding om at eit dekk frå ein trailer hadde treft fleire personbilar.

Fleire trafikantar fekk seg ein støkk i 80-sona, då eit trailer-dekk kom rullande ned bakken

— Det var ei stygg melding som kom inn. Heldigvis blei ingen skadd, fortel politibetjent Kjartan Svendsen.

Tidleg tysdag morgon kom det inn ei melding til politiet om at eit dekk som hadde losna frå ein tømmerbil, hadde rulla ned ein bakke i 80-sona i Holmefjord-området, og treft fleire bilar.

— Dekket losna då tømmerbilen var på veg nedover. Dekket trilla mot trafikken. Det var mørkt ute, og dei som kom opp bakken fekk seg nok ein støkk, fortel Svendsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dekket trefte tre bilar. Den eine er ikkje køyrbar etter hendinga, og måtte hentast av bergingsbil.

— Den eine bilen fekk ein del skadar i front. Det framstod roleg og greitt på staden då vi kom fram. Det var ei stygg melding som kom inn. Heldigvis blei ingen skadd, seier Svendsen.

Politiet har ikkje oppretta sak på forholdet. Føraren av tømmerbilen stoppa på staden, og fekk hjelp til å få på dekket igjen, før vedkomande køyrde vidare.

Det var trafikkdirigering på staden etter ulukka, og eitt felt var stengd.