Stopp: Det er stans i ferjesambandet Hatvik — Venjaneset i skrivande stund.

Fleire turar går ut grunna vêret

Det melder Fjord1.

Grunna dårleg vêr blir sambandet innstilt fram til avgang frå Hatvik klokka 19.50, skriv Fjord1.

Vidare vert det opplyst at vêrsituasjonen blir vurdert fortløpande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den siste avgangen frå Hatvik i dag klokka 23.50 er også innstilt, opplyser Fjord1.

Det er ikkje sagt noko om årsak til dette.

Utan straum

Det er ikkje berre ferjene som blir råka av vêret. Ifølgje BT er om lag 1.400 husstandar i Bjørnafjorden utan straum i 18-tida. Dette gjeld Søfteland og området kring, ut frå adressene som er lista opp.

Oppdatert klokka 19.42: No melder BKK at 51 husstander i Bjørnafjorden er utan straum. Feilsøking pågår.