Sunniva Brendehaug (t.v.) og Victoria Opheim Eikeland representerte klassen som har laga kunsten som no prydar veggene i den nye brukthallen.
Sunniva Brendehaug (t.v.) og Victoria Opheim Eikeland representerte klassen som har laga kunsten som no prydar veggene i den nye brukthallen.

Flotte kunstverk frå Fusa-elevar

Elevar frå Fusa vidaregåande skule har laga flotte kunstverk som dei har gjeve som gåve til det nye gjenvinningsanlegget i Fusa.

På Fusa vidaregåande skule står miljøarbeid svært sentralt, og ein brukar både internasjonale prosjekt og tema i programfag (som i visuelle kunstfag) til å gje elevar og lærarar inspirasjon til ein miljøvenleg kvardag.

- At skulen er sertifisert miljøfyrtårn, hjelper oss også med å halda rett miljøfokus i det daglege, seier rektor Tor Johannes Hjertnes.

Artikkelen held fram under annonsen.

To av elevane som går andre året på studieførebuande med formgjeving i visuelle kunstfag, var til stades under opninga av det nye gjenvinningsanlegget. Tre av kunstverka som klassen deira har laga, heng no på veggen inne i brukthallen.

Alle kunstverka er laga av bruktting dei har sett saman.

- Portrettet er laga av boksider, og så har ei klasseveninne måla dette andletet oppå, fortel Victoria og Sunniva.

Kreativt og flott kunstverk laga av brukte ting dei har sett saman.
Kreativt og flott kunstverk laga av brukte ting dei har sett saman.