Det vil uansett ta ti tusenar av år før det kan bli ein Edens hage på Mars, slo kåsør og professor emeritus, Tor-Henning Iversen, fast.
Det vil uansett ta ti tusenar av år før det kan bli ein Edens hage på Mars, slo kåsør og professor emeritus, Tor-Henning Iversen, fast.

Flytting av menneske til planeten Mars - har vi nok kunnskap til å overleva?

Om nokon av tilhøyrarane på senioruniversitetet gjekk heim for å tinga billett til Mars etter foredraget tysdag, er vel heller tvilsamt!

Kåsøren, professor emeritus Tor-Henning Iversen, prøvde heller ikkje å overtyda oss om at eit liv på Mars er noko å trakta etter. Han prøvde vel heller å syna at dei som planlegg ei slik reise, ikkje heilt ser konsekvensane av tiltaket!

Plantedyrking i rommet

Iversen fortalde at han alt som hovudfagstudent fatta interesse for å finna ut om planter kunna veksa på eit anna vis enn å ha røtene i jorda. Spørsmåla førte han i 1971 vidare til NTNU i Trondheim og oppretting av eit plantebiologisenter med eige veksthus. Som den yngste professoren i landet i si tid, vart interessa for verdsrommet ei sterk drivkraft i arbeidet hans.

Artikkelen held fram under annonsen.

Plantebiologisenteret har vore sentralt i utviklinga av spørsmål om plantedyrking i rommet. Kunnskapen om plantedyrking på månen og på Mars kan ta sitt utgangspunkt i laboratoriet her. Eit spørsmål er om plantar kan utvikla seg i rommet. Iversen sjølv hadde mellom anna gjort eksperiment oppe i fly for å testa ut korleis planterøter oppførte seg når det ved hjelp av krappe svingar opp og ned i lufta, vart skapt vektlause tilstandar. Og laboratoriet har utvikla "minidrivhus" med to rom/sentrifugar der plantane i den eine sentrifugen vert utsett for kunstig tyngdekraft, medan det er vektløyse i det andre rommet.

Overlevde

I eit forsøk i 2007 vart plantar sendt ut i verdsrommet i 85 dagar for å sjå om dei ville spira og setja frø. Ein plante - ein vårskrinneblome - overlevde. Den utvikla seg med 5 sideskot og fekk fram kimen til frø. Resultatet av eksperimentet, meinte kåsøren, kunne tyda på at det kan vera mogeleg å etablera plantedyrking i veksthus på Mars, under føresetnad av at det her vert skapt tilnærma "jordiske tilhøve".

Det har til no sett ut til at plantar som kan vera aktuelle å dyrka i rommet/på andre planetar, er jordbær, salat, kinakål, reddikar og ertar. Som døme på dette fekk vi sjå video frå ei romferje der astronautane plukka raud salat frå eiga avling inne i ferja. Det mest gunstige ville vera om ein kunne få utvikla ein plante som inneheld 90% næringsstoffar og 10% vatn.

Iversen meiner det er grunnlag for så vel ein etisk som kulturell debatt rundt planane om å "omskapa" planeten.
Iversen meiner det er grunnlag for så vel ein etisk som kulturell debatt rundt planane om å "omskapa" planeten.

Til Mars i 2024

Europeiske og amerikanske romforskarar arbeider intensivt med å undersøka Mars og finna ut korleis ein kan senda menneske dit. Dei meiner at det er 20-30 år fram til ei slik ferd. Men ei gruppe nederlendarar, kalla Mars 1, har planar om å senda menneske til Mars allereie i 2024.

202.000 menneske meldte i 2013 interesse for turen, av desse 700 norske. Gruppa er nå redusert til 1050 utvalde, den endelege gruppa som reiser, skal vera på 40 deltakarar.

Det vil bli ei 500 dagar lang og krevjande reise, både psykisk og fysisk, før dei kjem fram til målet. Den lange romferda kan grunna stråling gjera dei beinskjøre, og kosmisk stråling kan skada dei. Dei får utfordringa med å vera stua saman i ei romferje og må leva med vissa om at dei aldri skal venda attende til jorda!

Reality-TV

Det er planar om reality-TV om ferda deira og om livet på Mars. På førehand skal det sendast utstyr, byggjematerialar og ein del mat til planeten. Den første oppgåva marsboarane får etter å ha kome fram, vert å byggja hus - så sant dei finn att utstyret som på førehand er sendt dit. Inne i husa må dei sikra kunstig atmosfære for å kunna pusta. Planeten har ikkje atmosfære, så utomhus må dei bruka romdrakter. Ganske raskt må dei vera i gang med produksjon av eigen mat - veksthus må sikrast. Og dei må finna løysingar på å få fram vatn som finst bunde i jorda.

Menneska som blir med på ei slik ferd, må så absolutt vera både motiverte for oppgåva, optimistiske, ha ein sterk psyke og ha tatt farvel med jorda for alltid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etisk debatt

Dersom Mars skal bli ein stad å bu for "kvarmann", må det finnast ein måte å få fram oksygen på der. Planeten har appell til både forskarar og eventyrarar, men Iversen peika på at det er grunnlag for så vel ein etisk som kulturell debatt rundt planane om å "omskapa" planeten. Og han slo fast, at uansett kva ein finn ut, så vil det ta ti tusen år før det kan bli ein Edens hage på Mars!

Lill-Karin Wallem

Os senioruniversitet