Koronatest: Det er ein del fordelar med å testa seg på teststasjonane framføre å ta hurtigtestar.

Folk er blitt flinkare til å ta hurtigtestar: Kjem med oppmoding til dei som testar positivt heime

Køen på teststasjonen er blitt kortare.

— Folk er blitt flinkare til å ta hurtigtestar, men dei er ikkje alltid like flinke til å melda frå om resultatet.

Assisterande kommuneoverlege, Jonas Nordvik Dale, kunne torsdag denne veka melda om at kring 150 har vore innom teststasjonen i Kolskogen. Talet speglar ikkje heilt smittesituasjonen i kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Me har hatt langt større køar ved teststasjonen tidlegera i pandemien, og i lys av at det er bra med smitte i kommunen nett no, er pågangen på teststasjonen ganske låg, seier Dale.

I utgangspunktet er dette ein god ting.

— Det positive er at det vert mindre trykk på testteamet vårt, men me er sjølvsagt engstelege for at ikkje alle som har symptom er like flinke til å testa seg, seier han.

— Må melda frå

Hurtigtestane er mellom anna å få tak i på legekontor, legesenter, på Fjord`n senter, i Oseana og Os bibliotek.

— Folk er blitt flinke til å gjera nytte av hurtigtestane, men oppfølginga kunne vore betre. Me ønskjer nemleg svært gjerne at dei som testar positivt heime kjem til teststasjonen og tek ein ny test hos oss der. Ikkje berre for å verifisera testen, men for å få resultatet registrert og på den måten gjera det lettare for oss å driva god smittesporing, slår Dale fast.

Om ikkje folk kjem seg til eit testsenter etter å ha fått ein positiv test heime, så rår han dei til å ringja inn til testteamet i kommunen og få registrert resultatet på den måten.