Ordførar Marie Bruarøy opna den nye gapahuken sundag.
Ordførar Marie Bruarøy opna den nye gapahuken sundag.

– Folk er overraska over kva osingane får til

– Dei som kjem til Os skjønar ikkje korleis me får til noko slikt på dugnad, sa ordførar Marie Bruarøy og Peder Fløysand under opninga av gapahuken i dag.

Sola lyste si velsigning over forsamlinga då ordførar Marie Bruarøy søndag klipte snora for den nye dugnadsbygde gapahuken i Nordmarka.

– Eg har med meg ei lita søks til å klippa med. Heldigvis har ein del erfaring med å klippa, spøkte ordføraren som i eit tidlegare liv jobba som frisør.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho skrytte av dugnadsgjengen i sin opningstale.

– Eg må skryta over dei som har gått saman for å realisera denne gapahuken som kjem alle osingane til gode. Det er noko heilt unikt me har i Os. Alle er på tilbodssida, smiler og får det til, sa Bruarøy.

Eit lite folkehav

Rundt 150 osingar hadde møtt fram for å få med seg opninga av den nye gapahuken ved Knutabruo.

Primus motor for den nye gapahuken har vore Peder Fløysand.
Primus motor for den nye gapahuken har vore Peder Fløysand.
Brukameratane har fått det meste av materialane til gapahuken gratis frå lokalt næringsliv.
Brukameratane har fått det meste av materialane til gapahuken gratis frå lokalt næringsliv.
Eit aldri så lite folkehav hadde funne vegen inn i skogen sundag.
Eit aldri så lite folkehav hadde funne vegen inn i skogen sundag.
(
(
(
(
(
(
(
(

– Eg må seia at eg var litt overraska då eg såg det vesle folkehavet som var dukka opp, sa grunneigar Reidar Rundsveen som ifølgje seg sjølv har gjeve det minste bidraget til det nye tilbodet til osingane: late brukameratane få byggja på eigedommen hans.

– Dette er noko som kjem alle til gode. Når eg ser kor mange som er samla her i dag og kor mange som brukar området her no, tenkjer eg at det er heilt fantastisk, sa Rundsveen.

Turlaget tek drifta

Os Turlag har teke på seg driftsansvaret for den nye gapahuken. Arvid Øvreeide uttalte at så flott arbeid som dugnadsgjengen har gjort, så blir det ein veldig grei jobb å halda det ved like.

– Det er eit veldig godt grunnlag som er gjort. Vår jobb vil bestå i å halda det fint, og sørgja for eit nytt strøk beis innimellom. Det tek me meir enn gjerne på oss. Eitt av Turlaget sine viktigaste mål er å syta for gode turområde i lokalmiljøa til folk, sa Øvreeide.

Ikkje vore råd utan Peder

Mest skryt av alle fekk likevel prosjektleiar Peder Fløysand. Som primus motor i Brukameratane har han hatt både hatt ideen, gjort grovarbeid i marka, gått frå kontor til kontor på kommunen for å få fortgang i papirarbeidet, og brukt sitt omfattande kontaktnett til å skaffa gåver frå lokalt næringsliv.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me må framheva Peder for det han har fått til her. Det hadde ikkje vore mogeleg utan ein som har den kreativiteten som han har, sa varaordførar Laila Reiertsen som sjølv er blitt ein aktiv brukar av området.

– Noko av det beste med Pederen er at han aldri gir seg. Han får det til å skje ting, skrytte Arvid Øvreeide.

Skrytte av dei andre

Fløysand sjølv var mest oppteken av å skryta av alle som har bidratt og hjelpt til.

– Når alle er så positive er det utruleg kjekt arbeid. Jan Haaland og Rigmor har stått for teikningane, Knut Jarle Aspenes har hjelpt økonomisk, Fløysand tak har gjort takarbeidet, Bjørn Døsen har sytt for trevarene, Os Fargerike har gjeve oss måling, Os kulturkontor har betalt byggjesaksgebyret og sponsa bålpanne, Sælen Jernia har hjelpt oss ... «Sognabernten» og Harald Døsen har hjelpt meg med arbeidet i skogen. Eg må berre sei at slikt dugnadsarbeid er både gøy og sosialt, sa Fløysand.

– Kva er drivkrafta di, Peder?

– Eg likar at det skjer ting. Og så såg eg eit behov, og tenkte at eg hadde tida til å få gjort noko med det. Og når eg ser kor mykje folk som er her i dag som er glade og positive, då er det meir enn takk nok for meg, sa Fløysand.

ol@osogfusa.no