Kollisjon laurdag: Politiet med oppdatering etter ulukka på Osøyro laurdag.

– Erkjenner ikkje straffskuld

Laurdag ettermiddag kolliderte to bilar front mot front på Osøyro.

Eit vitne på staden fortalde rett etter ulukka at det small noko veldig, og at det høyrdest ut som ein eksplosjon då dei to bilane kolliderte.

Ulukka fann stad ved Lundehjørnet, der ein bil som kom nordfrå på Byvegen skulle svinga inn mot sentrumskjernen.

Artikkelen held fram under annonsen.

I ein e-post tysdag skriv politioverbetjent Christine J. Grindstein at ulukka resulterte i store materielle skader, men ingen alvorlege personskadar.

— Ein mann i 80-åra, førar av eine bilen, var uskadd. Passasjeren i denne bilen vart lettare skadd. Føraren av den andre bilen vart også lettare skadd, opplyser ho.

Vidare skriv Grindstein at mannen i 80-åra skulle køyra av Byvegen og inn på Øyro, og trefte bil i motgåande felt då han skulle svinga av til Øyro.

— Førar av bilen som kryssa vegen samtykka i førarkortbeslag, men erkjente ikkje straffskuld for hendinga, skriv Grindstein.