Smell: Den eine bilen stoppa for ein fotgjengar. Då skal bilen bak ha køyrt i den framfor.

Førarkortbeslag etter krasj ved Spar Nore Neset

Ein bil skal ha blitt påkøyrd av ein annan bakfrå.

Det var om lag kl. 11.43 måndag at to personbilar støytte saman ved Spar Nore Neset på Ulvenvegen.

Det sat éin person i kvar bil, og den eine skal ha køyrt i hekken på den andre like før fotgjengarfeltet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
To bilar i trafikkuhell på Ulvenvegen. Førarane til legevakt for sjekk

Vedkomande, ein mann i byrjinga av 40-åra, samtykka til førarkortbeslag.

Bilføraren som var i ferd med å stansa for ein fotgjengar som ville over, var ein mann i slutten av 70-åra.

Begge førarane bles til null i promille. Det var heller ingen personskader.

Derimot var det materielle skader på køyretøya. Politiet har oppretta sak etter hendinga.

Alle blålysetatane var på staden. Vegen vart opna att for normal trafikk kl. 13.19.