Rydda opp: Forbipasserande skal ha fjerna eit større tre som stoppa trafikken i Hegglandsdalen fredag ettermiddag.

Forbipasserande med motorsag fjerna veg-hinder i Hegglandsdalen

Politiet fekk melding om at fleire tre hadde velta over vegen i Hegglandsdalen.

Politiet fekk melding om hendinga kring klokka halv tre fredag ettermiddag. Meldinga gjekk på fleire tre, men ifølgje politibetjent Marita Frotveit ved Bjørnafjorden politistasjon, var det 'berre' snakk om eitt stort.

– Politiet rykte ut og det viste seg å vera eit stort tre som hadde falle over vegen. Nokre forbipasserande hadde hjelpt til og kutta det med motorsag, slik at vegen blei opna igjen, skriv Frotveit i ein e-post.

Artikkelen held fram under annonsen.

Død hjort i skråning

Natt til laurdag kom det inn melding til politiet om ein død hjort.

– Hjorten hadde teke med seg eit straumgjerde, og låg død i ei skråning. Dette var på Lepsøy. Viltnemnda blei varsla, skriv Frotveit.