Førebudd: Bjørnafjorden kommune er førebudd på å takla eit eventuelt koronavirusutbrot i kommunen.

Førebudd på å takla eit eventuelt korona-virusutbrot

Det er ikkje påvist koronavirus-utbrot i Bjørnafjorden kommune per dags dato, men kommunen er førebudd på korleis dei vil handtera det om det kjem.

Måndag ettermiddag la kommunen ut følgjande skriv på sine heimesider:

Det er ikkje påvist smitte av det nye koronaviruset i Bjørnafjorden kommune per 2. mars. Det er heller ikkje mistanke om at nokon er smitta. Vi førebur oss likevel på å handtere eventuell smitte hos oss.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil tilby heimebesøk

Prøvetakingsteam kjem heim til personar ved mistanke om smitte

For å unngå at eventuell smitte spreier seg på legekontor eller legevakt vil helsepersonell frå kommunen gjere heimebesøk for å ta prøve av personar som kan vere smitta.

Det er berre aktuelt å testa personar som har utvikla symptom etter å ha vore i område med vedvarande smitteutbrot eller i nærkontakt med personar som har fått påvist koronasmitte.

Prøvetaking skjer i vanleg arbeidstid. Helsepersonellet vil ha på seg verneutstyr. Prøvene vil bli sendte til Haukeland universitetssjukehus for analyse og prøveresultatet vil vere klart innan eitt døgn. Dersom ei prøve slår ut positivt på koronavirus, vil kommuneoverlegen ta kontakt med den aktuelle pasienten.

Milde symptom

Dei aller fleste som blir smitta av koronaviruset, får milde symptom. Nokre få kan utvikle meir alvorleg sjukdom. Dersom du utviklar alvorlege symptom, kontakt legevakta på 116117. Legevakta vil så vurdere om du treng legetilsyn heime.

Det er ikkje naudsynt med heimekarantene etter at du kjem heim frå område med vedvarande spreiing av koronaviruset. Men det er viktig at du følgjer med på om du eventuelt utviklar teikn på luftvegsinfeksjon dei neste 14 dagane. Dersom du får feber, sår hals, hoste eller pustevanskar, ring legevakta på 116117, ikkje møt opp fysisk.

Har du spørsmål om det nye koronaviruset? Sjå oppdatert informasjon på Folkehelseinstituttet sine nettsider eller ring informasjonstelefonen på 815 55 015

Viss du trur du kan vere smitta, ring legevakta på telefon 116117.