Den første bølgjebrytaren i ferd med å bli taua inn til Os hamn fredag morgon.
Den første bølgjebrytaren i ferd med å bli taua inn til Os hamn fredag morgon.

Første bølgjebrytar i hamn

Fredag morgon var den første av i alt fire bølgjebrytarar på plass i Os hamn.

Den første bølgjebrytaren vart taua inn til Os hamn etter å ha lege til kai i Strandvik dei siste dagane der det vart montert solcellepanel og batteripakkar for belysning.

- Det er ein stor dag for Os dette her. No gler me oss til å få testa bølgjebrytarane og sett effekten her i Os. Kanskje må me håpa på ein storm, for å få sjekka effekten skikkeleg, humrar ordførar Terje Søviknes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Opsjon på tre til

Bølgjebrytaren er produsert i Tallin i Estland og skal no forankrast ved den nye moloen ved inngangen til hamna.

Dersom bølgjebrytaren gjer nytta slik Os kommune håpar, kjem det ytterlegare tre til.

Planen er då at dei fire bølgjebrytarane skal saksa mot kvarandre frå kvar side av hamneopninga, slik at båtane må køyra sikk-sakk for å koma inn.

Bølgjebrytaren er 50 meter lang og veg 75 tonn. Den første vert plassert ved den nye moloen ved Os Sjøfront.
Bølgjebrytaren er 50 meter lang og veg 75 tonn. Den første vert plassert ved den nye moloen ved Os Sjøfront.

- Då vert det innsegling frå vest, og litt sikk-sakk. Men me lagar opninga stor nok til at Statsraad Lehmkuhl kjem inn. Det kan du vera trygg på, konstaterer Terje Søviknes.

50 meter

Den første bølgjebrytaren vert montert og fortøya i løpet av helga.

- Så får me sjå om alt er så bra som me håpar. Dersom det blir tommelen opp, tingar me tre stykk til no i vinter, slik at me har dei på plass til hausten 2017, seier Søviknes.

Prisen er estimert til 28 millionar kroner.